Denne bloggen har flytta til ei ny adresse, lettare og hugse og ti gonger kulare. Bloggen finn du på http://ole.mjelstad.net. Dei nye innlegga vil altså bli publisert på den sida, og ikkje her.
mai 1, 2008
1 Mai
Gratulerer alle saman, i dag er det dagen til arbeiderklassen. Eg føler ikkje at denne dagen er ein festdag, det er meir ein dag der me må vise at me fortsatt kjemper. Eg tilbrakte dagen med det raude flagget høgt heva. Berre sjå her:

Foto: Anja Rolland
Når det er sagt, så har eg ein trist nyhet til deg, min blogglesar. (Kven er du eigentlig?) Det blir ikkje blogging på ei stund no, fordi eg skal til OSLO i helga. Det blir fantastisk jo. Dessutan blir det ei travel tid framover, med tentamener og RU-leir og mykje anna spanande men akk tidkrevande ting. Men eg får sjå om ikkje eg kan legge inn eit lite venstrespark i ny og ne. Du skal nok ikkje sjå bort i frå det.
april 30, 2008
Terrorist er eit rasistisk begrep
Terrorist er eit rasistisk begrep. Det speler ingen rolle kva handling som blir utført, det er kven som utfører det som har noko med saken å gjere. Igjen skal eg bruke eit eksempel eller to.
Under andre verdskrig var Noreg okkupert av Nazi-Tyskland. Tyskarane overtok tungtvatnfabrikken på Rjukan og prøvde å frakte tungtvatn frå Noreg til Tyskland til bruk i atombombeproduksjon. Norske motstandsfolk saboterte denne transporten, ein aksjon som var svært viktig for kampen for norsk fridom og ein aksjon som er hylla av det norske folket.
Eg seier ingenting mot dette, eg som alle andre nordmenn (med unntak av Vigrid kanskje) synes dette er flott. Problemet er berre at sjølv om dette er sett som ein krigshandling er det fleire liknande situasjonar som blir sett på som terroristar. Ta Israel/Palestina for eksempel.
Palestina er okkupert av Israel. Israel har annektert Palestinsk jord og systematisk undertrykka palestinarar i snart 60 år. Den palestinske fridomskampen er ikkje annerkjent av verdsamfunnet, sjølv om FN har fordømt Israels handlingar over 100 gonger (om eg ikkje tar heilt feil.) Muren, eller “sikkerhetsgjerdet” som Israel bygger er dømt av Menneskerettsdomstolen i Haag. Til tross for alle desse handlingane, blir den palestinske motstandkampen, som i hovudsak består av steinkasting og fyrverkeri, sett på som terrorisme.
Eg ser klare parallellar mellom Israels okkupasjon av Palestina og Nazi-Tysklands okkupasjon av Noreg, samt fridomskampane som blei og blir utkjempa . Allikevel er den norske fridomskampen sett på som ein fantastisk heltemodig krigshandling, og den palestinske sett på som djevelens verk og terrorisme.
Den einaste moglege konklusjonen eg kan sjå her, er at det ikkje speler nokon rolle kva situasjon du er i eller kva du gjer. Handlingane dine blir dømt utifra kven du er, eller rettare sagt: kva hudfarge eller kva religion du tilhøyrer.
Eg meiner at alle væpna handlingar frå palestinsk side er rettferdigjort av den situasjonen Israel har satt folket i. I følge Amnesty International døyr det 7 palestinarar for kvar israelar. Dette er basert på tal frå 2005. Dei tala seier klart i frå kven som er den lidande parten i denne konflikta. Og nei, det er ikkje Israel.
april 28, 2008
Arbeiderfrigjering
No er det lenge sidan eg har blogga, og denne gongen tenkte eg å ta eit djupdykk i kommunistisk teori og virkelig ta fatt på eit par ideologiske spørsmål i kommunismen. Sidan det snart er 1 mai har eg tenkt å blogge om arbeiderundertrykking og frigjering. Du bør merke deg at eg er ganske ny på dette feltet så om du er hardcore kommunist så finn du nok lite nytt i denne bloggen.
For ja, norske, polske, kinesiske, amerikanske, italienske og alle andre nasjonalitetar arbeidarar blir utbytta. Me må selge vår arbeidskraft til rike kapitalistar for å overleve, til ein grovt urettferdig pris. Lat meg synleggjere dette med eit eksempel:
Lars er 17 år gammal og jobbar på ein fiskefabrikk. Her jobber han ca åtte timar i veka og tener 100,- i timen. Kvar time produserar han i gjennomsnitt 10 laksar som blir solgt for 50,- stykk. Det vil sei at Lars produserer verdiar for 500,- i timen, og av dei får han 100,- sjølv. Altså tener arbeidsgjevaren til Lars 400,- på den jobben som Lars utfører, minus dei utgiftene det tar å skaffe råmaterialet.
Faktum er at heile fiskefabrikken og eigentlig all industri i heile verda er bygd på arbeiderklassens slit. Derfor er det grovt urettferdig at enkeltmenneske fra borgerklassen skal få tilrane seg resurssar som retmessig tilhøyrer folket.
Den einaste løysninga på dette problemet, slik eg ser det, er revolusjon. Eit kapitalistisk system tillet ikkje at alle lever godt, fordi det då vert inflasjon og økonomiske kriser over heile verda. Derfor er det viktig at me bryt ut frå dette systemet. Eit kommunistisk samfunn er bygd på frihet for individet og like moglegheitar for alle.
Arbeidarar og undertrykte i alle land – foren dykk!
mars 28, 2008
Dyrevern – nødvendig og bra

Verdas dyr blir grusomt behandla. Dei blir mishandla, torturert, drept, åte, tvungen ut frå sine naturlige miljø, innesperra, utnytta i uhyrlege eksperiment og liknande. Eg er i mot alle desse grove utbyttinga av våre venar på jorda. Skal menneska få lov til å fortsatte sin mishandling av andre levande vesen fordi dei er “mindre intelligent enn oss?” Ikkje om det blir opp til meg.
Eksempler på dyremishandlere er sirkusindustrien og kjøttindustrien. Dette er videoar som visar sanninga bak den flotte fasaden. Uansett går fælt det er så anbefalar eg at du ser dei. Dette er slik dyra på vår planet blir behandla. Igjen spør eg, er det slik me vil ha det?
Dersom du har innsett det samme som meg er det fleire måtar du kan støtte dyra våre på. Her er eit par enkle ting du kan gjere sjølv.
Bli vegetarianar
Når du blir vegetarianar blir du med i den største og lengst varande boikotten i vår historie. Og du er ikkje åleine, i Norge er det over 100.000 vegetarianarar som saman med resten av verden blir fleire hundre millionar. Kvar vegetarianar sparar i snitt 12 dyreliv i året. Det vil altså sei at i Norge blir over 120.000 dyreliv spart. Er ikkje det vellukka så veit ikkje eg!
Å bli vegetarianar er ikkje så vanskelig heller. Eg har akkurat blitt det sjølv og opplevde overgongen som enkel. Det finnes utrulig mange gode kjøtterstatningar som smakar minst like godt, så kvifor fortsette på denne bestialske tradisjonen. Menneska har eit val. Det er ikkje instinktivt at me eter kjøt. Så når du faktisk kan velge kva du skal ete kvar dag, kvifor velge dyremord?
Men det er veldig viktig at du leser litt om ernæring. Ein kan fint få i seg alle næringstoffa ein trenger utan å ete kjøt, så lenge ein veit kor mykje ein treng og kor ein finn det. http://www.vegsoc.org er ein fin plass å starte. Ellers så finn ein mange gode nettsider og bøker som inneheldt nok av informasjon.
Bli organisert
Vurder å melde deg inn i ein dyrerettsorganisasjon, for eksempel NOAH eller Dyrevernsalliansen. Då hjelper du og bidrar til konstruktivt arbeid for dyrs rettighetar. Mange organisasjonar driv blant anna med frivillig omplassering av husdyr.
Bli aktivist
Arranger demonstrasjoner, del ut løpesedler, opplys folk om forholdene rundt pelsproduksjon, kjøttproduksjon og sirkusunderholdning.
Bli dyrevenn
Hold deg unna produkter og selskap som utfører eksperimenter på dyr og unngå pelsklær. Støtt og selskaper som ikkje tester produktene sine på dyr.
mars 10, 2008
Internasjonal dag mot krig
Laurdag 15 mars er den internasjonale dagen mot krig. I tidsrommet 15 – 22 mars vil folk over heile verda vise at dei er lei av USAs imperialistiske utanrikspolitikk med eit einaste mål. Å forsterke maktposisjonar i Usa-fiendtlege delar av verda samt å skaffe seg meir pengar.
Eg foreslår at du går saman med oss og viser at heller ikkje du finn deg i at Bush herjar på på denne måten. Vis at at du vil ha norske styrker ut av Afghanistan. Vis at du vil ha slutt på okkupasjonen av Irak. Vis at du ikkje vil ha krig i Iran.
Dersom du bur i Bergen kan du møte opp på Torgallmenningen klokka 14.00 laurdag 15 mars for å demonstrere.
mars 3, 2008
Løysninga på klimakrisa..?
“Fly mer, ikke mindre”, svarte reiseguru Jens A. Riisnes nylig på spørsmål om ikke klimautfordringene burde føre til mindre bruk av fly. Hans poeng var at gevinsten ved å reise mye i verden veier opp for andre problemer. Man blir klokere av å reise. Menneskeskapte problemer kan også løses av mennesker. Jo klokere vi er desto bedre er vi i stand til å møte utfordringene.
- Civita
Det er nesten ikkje meir å sei her. Eg trur dette sitatet snakkar for seg sjølv. Eg meiner – kven er det som inbiller seg slike ting? At ein blir klok av å reise? Sjølvsagt, ingenting stimulerer hjernecellene som to veker med daffing på ei strand i Spania, eller fyll og dop på Sunny Beach.
Det er på tide at folk for augene opp – og eg trudde virkelig dei fleste i Noreg var opplyste no men den gang ei. Tankesmia Civita, ta deg ein bolle! Miljøkrisa blir ikkje løyst av at ein forureinar meir. Punktum.
februar 29, 2008
Praktisk eksamen
Først og fremst, så beklager eg mangelen på oppdateringar i det siste – men alt har sin naturlige grunn. Denne veka har eg nemlig hatt prøveksamen i mediefag og har derfor vore veldig opptatt.
Me fekk litt meir enn 24 timar på oss til å lage eit medieprodukt og skal så presantere det for sensor og eksaminator. Oppgåva var å lage eit produkt som skulle markedsføre (ei fiktiv) samanslåinga av Garnes vgs og Arna Yrkesskole. Eg valgte å lage ei webside med logo. Nedanfor ser du eit skjermskot frå splash-sida til websida, med logoen.
