februar 14, 2008...8:43 pm

Til Voss husflidskule

Hopp ned til kommentarane

Du er tragisk. I eit dårlig, patetisk og sjølvopptatt forsøk på å låse elevane dine fast til skulen har du altså gått så langt at du har omøblert heile timeplanen. Språk istadenfor Prosjekt til fordjuping, matematikk andre året og gudane veit kva anna dumme ting du finn på. Her er ein liten hemmelighet; norske elevar vil ha valgmoglegheitar.

Dersom ein elev faktisk ikkje vil gå på Voss eit år så bør den eleven få all rett til å slutte på den skulen og komme seg vekk. Men nei, det går ikkje. Ikkje om du faktisk vil ha studiekompetanse. Då er ein stuck på Voss i tre år. Forestill deg å være tre år på ein stad du overhodet ikkje har lyst til å være, ein stad du berre har lyst til å rømme vekk frå og ikkje komme tilbake til før alle andre plassar er infisert med pest eller rasert av krig. Forestill deg desperasjonen det er, når du gler deg til noko og får drøymane dine knust – berre fordi den idiotiske skulen din ikkje kan følge den timeplanen som er fastsatt av departementet.

Dette er historia til kjærasten min. Ho har overhodet ingen ønsker om å gå på Voss neste år, men er tvungen til det om ho vil ha studiekompetanse. Berre fordi medieavdelinga på VH har bestemt at “Hei, me lærer elevane våre tysk då – sjølv om ingen andre medielinjer i heile Hordaland har framandspråk.”

Eg er klar over at dette er eit ganske ustrukturert og useriøst blogginnlegg, men i kategorien “Frustrasjonar” hamnar det innlegg eg skriv i, nettopp, frustrasjon og eg har ein tendens til å skrive litt dårligere då. Eg håpar du tilgjev meg og fortsatt dukkar innom av og til.

3 kommentarar


Legg att eit svar