februar 21, 2008...11:21 am

Produktplassering i film

Hopp ned til kommentarane

Sjå for deg ein typisk Hollywood actionfilm, der den barske helten kjem springande inn på skjermen. Han tar seg ein slurk av colaflaska si, får ein samtale på mobiltelefonen frå Sony Ericsson før han hackar seg inn på skurkane sitt nettverk på Mac’en sin. Du trudde kanskje det var tilfeldig at helten drikk cola og ikkje pepsi, at han brukar SE og ikkje Nokia og at han hackar med Mac og ikkje Fujitsu-Siemens? Du tar nok feil der!

Dette er det som på fint blir kalla produktplassering – ein form for sponsing og reklame som muligens er litt ukjend for den einskilde borgar. Det fungerar omtrent slik: Produsenten av den neste Hollywoodblockbusteren skal ha ei scene der ein barsk actionhelt drikk brus, snakkar i ein telefon og brukar ei datamaskin. Derfor tar han kontakt med produsentar av brus, mobiltelefonar og datamaskinar og lurar på om nokon av dei er interesserte til å støtte filmen med produkta sine. Eventuellt, så kan produsenten av brus, mobilar eller datamaskinar ta kontakt med filmskaparen. Det speler egentlig lita rolle kva som skjer, hovudpoenget her er at

  1. Filmprodusenten mottar sponsing i form av eit gratisprodukt til bruk i filmen samt muligens ein fin slump med pengar.
  2. Produktprodusenten mottar reklame som er veldig subtil.

Den vanlige reklamen er me alle var for.

“Hei, jeg er Tommy Andersen og dette er det fantastiske SuperVask! Kjøp SuperVask i dag, og få et flott hjem!”

Alle er skeptiske til dette, ein sunn og naturlig skepsis som reddar sivilisasjonen frå å falle heilt til ein stor konsumsaueflokk.

Men kva skjer når ein ser den barske actionhelten bruke Mac? Vel, ein tenkar “Wow, den kule barske actionhelten bruker Mac! Det vil eg og gjere!” Dette fungerer vel forsåvidt, men no har det blitt litt for mykje. Istadenfor å la produktplassering skje på ein litt tilfeldig og naturlig måte, har ein no gått for longt. Produktplassering blir skreve inn i manus, som ein del av historia. Istadenfor at helten bruker ein data fordi det er ein naturlig del av handlinga, blir den scena skreve fordi ein kan få inn mykje pengar på den måten.

Det blir og ein del unaturlige lange dvelingar ved ting som produktlogoar. Eg såg ein film på tirsdag, der ein av personane hadde eit Canon-speilreflekskamera. I ein long dialogsekvens stod ho og holdt på kameraet oppe i brysthøgde, slik at ein heile tida kunne sjå dei flotte “Canon” bokstavane i bildet. Eg berre spør, er dette tilfeldig? Eg tvilar.

5 kommentarar

  • Du tek fram ein interessant problemstilling her. Eg er heilt enig i at det øydelegg mykje. Kva gong eg ser ein film med veldig åpenlys produktplassering, flyttar fokuset frå historia over på noko heilt anna. Dette kan i verste fall øydelegge filmopplevinga for min del.

    Som David Lynch seier om produktplassering:
    “Bullshit! That’s how I feel. Total fucking bullshit!”

  • Ja, eg vart sittande og dvele litt ved akkurat det punktet eg og. Ikkje at filmen var så fantastisk god heller, men når det blir såpass unaturlig så ødelegg det veldig.

  • Ingenting som seier produktplassering meir enn då Nysgjerrige Nils raserar ein heil last med produkt frå Bama, et Bamabananer og sovnar i ein haug av Bamafrukt med Bamalogoar over alt.

    Bama-Nils: http://www.imdb.com/title/tt0381971/

  • Haha, det hørtes passe sløvt ut!

  • Du har jo misforstått. Det heile er ein konspirasjon frå USA. Eg veit ikkje heilt kva for ein konspirasjon det er, men alt er jo USA sin feil, så det er den einaste forklaringa, ikkje sant? Dei fleste filmane er jo frå USA, noko som berre forsterkar teorien.

    Eg burde verkeleg byrja å kommentere seriøst.


Legg att eit svar