No er det lenge sidan eg har blogga, og denne gongen tenkte eg å ta eit djupdykk i kommunistisk teori og virkelig ta fatt på eit par ideologiske spørsmål i kommunismen. Sidan det snart er 1 mai har eg tenkt å blogge om arbeiderundertrykking og frigjering. Du bør merke deg at eg er ganske ny på dette feltet så om du er hardcore kommunist så finn du nok lite nytt i denne bloggen.
For ja, norske, polske, kinesiske, amerikanske, italienske og alle andre nasjonalitetar arbeidarar blir utbytta. Me må selge vår arbeidskraft til rike kapitalistar for å overleve, til ein grovt urettferdig pris. Lat meg synleggjere dette med eit eksempel:
Lars er 17 år gammal og jobbar på ein fiskefabrikk. Her jobber han ca åtte timar i veka og tener 100,- i timen. Kvar time produserar han i gjennomsnitt 10 laksar som blir solgt for 50,- stykk. Det vil sei at Lars produserer verdiar for 500,- i timen, og av dei får han 100,- sjølv. Altså tener arbeidsgjevaren til Lars 400,- på den jobben som Lars utfører, minus dei utgiftene det tar å skaffe råmaterialet.
Faktum er at heile fiskefabrikken og eigentlig all industri i heile verda er bygd på arbeiderklassens slit. Derfor er det grovt urettferdig at enkeltmenneske fra borgerklassen skal få tilrane seg resurssar som retmessig tilhøyrer folket.
Den einaste løysninga på dette problemet, slik eg ser det, er revolusjon. Eit kapitalistisk system tillet ikkje at alle lever godt, fordi det då vert inflasjon og økonomiske kriser over heile verda. Derfor er det viktig at me bryt ut frå dette systemet. Eit kommunistisk samfunn er bygd på frihet for individet og like moglegheitar for alle.
Arbeidarar og undertrykte i alle land – foren dykk!
Éin kommentar
april 28, 2008 ved 8:58 pm
Så kul blogg du har!