Terrorist er eit rasistisk begrep. Det speler ingen rolle kva handling som blir utført, det er kven som utfører det som har noko med saken å gjere. Igjen skal eg bruke eit eksempel eller to.
Under andre verdskrig var Noreg okkupert av Nazi-Tyskland. Tyskarane overtok tungtvatnfabrikken på Rjukan og prøvde å frakte tungtvatn frå Noreg til Tyskland til bruk i atombombeproduksjon. Norske motstandsfolk saboterte denne transporten, ein aksjon som var svært viktig for kampen for norsk fridom og ein aksjon som er hylla av det norske folket.
Eg seier ingenting mot dette, eg som alle andre nordmenn (med unntak av Vigrid kanskje) synes dette er flott. Problemet er berre at sjølv om dette er sett som ein krigshandling er det fleire liknande situasjonar som blir sett på som terroristar. Ta Israel/Palestina for eksempel.
Palestina er okkupert av Israel. Israel har annektert Palestinsk jord og systematisk undertrykka palestinarar i snart 60 år. Den palestinske fridomskampen er ikkje annerkjent av verdsamfunnet, sjølv om FN har fordømt Israels handlingar over 100 gonger (om eg ikkje tar heilt feil.) Muren, eller “sikkerhetsgjerdet” som Israel bygger er dømt av Menneskerettsdomstolen i Haag. Til tross for alle desse handlingane, blir den palestinske motstandkampen, som i hovudsak består av steinkasting og fyrverkeri, sett på som terrorisme.
Eg ser klare parallellar mellom Israels okkupasjon av Palestina og Nazi-Tysklands okkupasjon av Noreg, samt fridomskampane som blei og blir utkjempa . Allikevel er den norske fridomskampen sett på som ein fantastisk heltemodig krigshandling, og den palestinske sett på som djevelens verk og terrorisme.
Den einaste moglege konklusjonen eg kan sjå her, er at det ikkje speler nokon rolle kva situasjon du er i eller kva du gjer. Handlingane dine blir dømt utifra kven du er, eller rettare sagt: kva hudfarge eller kva religion du tilhøyrer.
Eg meiner at alle væpna handlingar frå palestinsk side er rettferdigjort av den situasjonen Israel har satt folket i. I følge Amnesty International døyr det 7 palestinarar for kvar israelar. Dette er basert på tal frå 2005. Dei tala seier klart i frå kven som er den lidande parten i denne konflikta. Og nei, det er ikkje Israel.