Gratulerer alle saman, i dag er det dagen til arbeiderklassen. Eg føler ikkje at denne dagen er ein festdag, det er meir ein dag der me må vise at me fortsatt kjemper. Eg tilbrakte dagen med det raude flagget høgt heva. Berre sjå her:

Foto: Anja Rolland
Når det er sagt, så har eg ein trist nyhet til deg, min blogglesar. (Kven er du eigentlig?) Det blir ikkje blogging på ei stund no, fordi eg skal til OSLO i helga. Det blir fantastisk jo. Dessutan blir det ei travel tid framover, med tentamener og RU-leir og mykje anna spanande men akk tidkrevande ting. Men eg får sjå om ikkje eg kan legge inn eit lite venstrespark i ny og ne. Du skal nok ikkje sjå bort i frå det.
Éin kommentar
mai 6, 2008 ved 11:17 pm
Nice, Ole. Må forresten og nemna at personen som redigerte det bilete har seriøse Photoshopskills. Kremt.