Eg heiter altså Ole Mjelstad, og er 18 år gamal. Nokon gonger likar eg å sove, andre gonger likar eg å gjere ting. Eg speler gitar, tar bilete, lager websider, går på do og speler data. I tillegg har eg ein kjærast som eg likar å være med. Kort fortalt, eg er ein sunn norsk ungdom med mange fine interessar. Eg foreslår at du les på bloggen min for å lære meg å kjenne. Det er mulig eg oppdaterer denne sida med ein meir uttfyllande beskriving av meg sjølv – men for å være heilt ærleg så tviler eg veldig på det.
Eg går på Medium og kommunikasjon, og det er veldig kjekt. Når eg er ferdig her skal eg nok studere grafisk design eller noko slikt og bli webdesigner. Det er drømmen. Eg tar ein del fotografi, både på og utanfor skulen som du kan sjå på http://flickr.com/photos/rosaelg/